Nerlandsøya
HERØY: Nye Nerlandsøybrua, med gamlebrua i bakgrunnen. Illustrasjon: Rambøll AS.
Kort fortalt

To vil byggje Nerlandsøy-bru

Tilbod frå 450,8 til 636,3 millionar kroner.

12.08.2022

Nye Nerlandsøybrua skal byggast aust for dagens bru og blir ei 574 meter lang betongbru med åtte spenn. Brua skal etter planen stå ferdig i 2025.

No har dei to selskapa Bertelsen og Garpestad AS og PNC Norge AS levert inn tilbod, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Bertelsen og Garpestad har eit tilbod på 450,8 millionar, PNC Norge 636,3 millionar.

Konkurransen blir gjennomført i to fasar, eit såkalla to-konvolutt-system, der tilbydaren med beste forhold mellom pris og kvalitet blir tildelt kontrakten. Den første konvolutten inneheld entreprenøren sine planar for korleis dei vil gjennomføre prosjektet. Desse planane skal gjennom ei grundig vurdering og rangering, før den andre konvolutten med prisane blir opna.

- Kvaliteten på tilboda blir vurdert ut frå gjennomføringsplanane, organisering og nøkkelpersonell. Tilboda kan få ein meirverdi på inntil 50 millionar kroner, som entreprenøren får i fråtrekk på pristilbodet sitt, fortel prosjektleiar Ragnhild Holen Relling i Møre og Romsdal fylkeskommune, i pressemeldinga.

Når evalueringa er gjennomført, blir tilbydarane gjort kjent med resultatet. Så blir den andre konvolutten, som inneheld pristilbodet opna, truleg første halvdel av august. Etter at tilboda er kontrollrekna, blir dei behandla politisk i fylkesutvalet sitt møte i slutten av august. Da blir det også tatt stilling til om ein eller fleire opsjonar skal løysast ut.

I konkurransegrunnlaget ligg det fire opsjonar:

  • Busslomme og gang-/sykkelveg på Kvalsundsida (vest for ny veg), ca. 150 meter
  • Busslomme og gang-/sykkelveg på Igesundsida (sør for ny veg, ved nytt kryss), ca. 100 meter
  • Busslomme og gang-/sykkelveg på Igesundsida (nord for ny veg), ca. 240 meter
  • Omlegging av Igesundvegen (sørvest for ny bru), ca. 100 meter

Fakta om nye Nerlandsøybrua

  • 11,5 meter brei betongbru i åtte spenn
  • Får ein tre meter brei gangveg som blir skilt frå køyrebanen med rekkverk
  • Seglingsløpet under brua blir 50x20 meter
  • Kontrakten inneheld også vegbygging på begge sider av brua: 340 meter ny veg med gang- og sykkelveg og busslomme på Kvalsund-sida og 250 meter ny veg med gang- og sykkelveg og eit kryss frå fylkesvegen på Igesund-sida.

Publisert: 12.08.2022 09:53

Sist oppdatert: 12.08.2022 09:59

Mer om