Kort fortalt

Tobislarvar taklar magnetfelt

Undervasskablar påverka ikkje tobislarvar.

NPK
21.04.2022

Magnetfelt frå undervasskablar påverkar ikkje tobislarvar, viser undersøking. Men andre fiskeartar kan vere meir utsette.

Utbygginga av vindparkar i Nordsjøen vil medføre kablar som knyter parkane samen og til land. Havforskingsinstituttet har laga ein studie for å finne ut om desse påverkar tobislarvar som driv rundt i områda. Dei plasserte larvane i ein mørk tank, der dei vart utsette for magnetfelt.

– Tobislarvane blei verken tiltrekte eller fråstøytte av magnetfeltet. Dei endra heller ikkje svømmeåtferd, seier postdoktor Alessandro Cresci, som har leidd studien.

Han peikar likevel på at det er mogleg magnetfelta påverkar andre fiskelarvar.

– Til dømes har vi vist i tidlegare forsking at hyse brukar eit magnetisk kompass for å orientera seg i havet på larvestadiet. Det er mogleg at slike artar kan bli påverka av undervasskablane, seier Cresci.

Studien er ein del av eit prosjekt som ser på effektar av havvindindustrien på tidlege livsstadium av fisk. Seinare skal dei undersøke larvar av mellom anna torsk og hyse. Prosjektet omfattar òg moglege effektar av støy frå vindkraftverk.

Publisert: 21.04.2022 16:31

Sist oppdatert: 21.04.2022 16:32

Mer om