Sunnmørsbadet innfelt karl petter sortehaug 11
NYTT OG STØRRE: Karl Petter Sortehaug (innfelt) er nøgd med besøkstala i fjor, som ga den høgaste omsetninga nokon gong for Herøy-badet. Foto: Sunnmørsbadet/Kjetil Haanes
Kort fortalt

Toppår - og nytt minus for Sunnmørsbadet

Kan snart feire besøkande nummer éin million.

Marius Rosbach
27.06.2024

Inntektene til Sunnmørsbadet Fosnavåg bikka for første gong 13 millionar kroner i fjor, viser rekneskapen frå Brønnøysundregistera.

Med unntak av opningsåret 2015 og koronaåret 2020 har selskapet gått med underskot kvar år. Slik vart det også i 2023, sjølv om driftsresultatet igjen er positivt (sjå tabell under).

Badelandselskapet i Herøy hadde 11 årsverk i arbeid i fjor.

Sunnmørsbadet Fosnavåg As
Tal i mill. kroner
2023
2022
Driftsinntekt
13,2
12,9
Driftsresultat
0,8
0,3
Resultat før skatt
- 0,9
- 0,7

I ein kommentar til avisa Vestlandsnytt om resultatet, seier dagleg leiar Karl Petter Sortehaug at dei er glade for å sjå enden på ei oppussing som har gått føre seg dei siste månadene.

– Og så skal vi snart ha ei skikkeleg feiring av at vi har passert ein million besøkande sidan vi opna for ni år sidan, seier han til avisa.

Eigenkapitalen i selskapet er negativ med kring 2,8 millionar kroner, men selskapet skriv i årsmeldinga at arbeidskapital og verdien på anlegget, gjer at den reelt sett er positiv.

Den langsiktige gjelda er nede i drygt 35 millionar kroner.

Hovudaksjonær i selskapet er Herøy kommune, med over halvparten av aksjane. Resten er fordelt mellom Havila Holding og Olympic Eigedom, Herøy Revmatikarlag og Herøy Sanitetsforening.

Publisert: 27.06.2024 10:45

Sist oppdatert: 27.06.2024 10:45

Mer om