Kort fortalt

Torghatten-ferje forseinka

Må vente på levering av deler frå Frankrike.

17.02.2022

MF Kvaløy er venta tilbake i drift i byrjinga av mars. Bytte av hovudmotor tok lenger tid enn planlagd.

Det opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

MF Kvaløy, som opererer rute 32, Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona, skulle eigentleg vere tilbake i trafikk i byrjinga av februar. Men det er problem med levering av delar frå den franske motorprodusenten Baudouin til verftet Havyard Leirvik i Sognefjorden, som har oppdraget med å bytte hovudmotoren, ifølge reiarlaget Torghatten Nord.

Dermed skal MF Vengsøy inntil vidare fortsette å trafikkere Utasundssambandet.

MF Kvaløy fekk i slutten av november motorhavari etter eit planlagt verksstadsopphald. Det blei då bestemt å bytte hovudmotoren.

Publisert: 17.02.2022 13:08

Sist oppdatert: 17.02.2022 13:10