Kort fortalt

Torskefisket mot slutten

Har vore ein god sesong.

20.05.2019
NPK: Norges Råfisklags siste vekesrapport viser at torskefisket er halvert dei siste vekene. Dette markerer slutten på ein lønsam sesong for torskefiskarane.
Den siste veka er leveringane av torsk halvert, ifølgje rapporten frå Norges Råfisklag . Dette markerer slutten på ein av dei mest lønsame sesongane for torskefiske, skriv .
– Aktiviteten går ytterlegare ned i torskefisket og fangstatistikken viser at kvantumet er halvert frå veke 19, skriv Norges Råfisklag i rapporten.
Den totale omsetnaden fram til veke 19 i år er på 7.221 millionar kroner. Det er 480 millionar kroner meir enn på same tid i fjor. For norske båtar har det vore ein auke på 310 millionar, medan utanlandske har eit pluss på 170 millionar kroner.
Medan torskefisket er i ferd med å bli avslutta for sesongen, er aktiviteten for notseifiske på Nordmøre framleis høg. Også i Vest-Finnmark har første fangst av notsei blitt levert, som markerer starten på fisket i nord.

Publisert: 20.05.2019 14:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34