Torsken rømde mest
Største rømninga skjedde i Voldsfjorden.
Fiskeridirektoratet varslar tilsyn mot torskenæringa etter at rømmingsstatistikken for 2022 viser at det var flest torsk som rømde frå oppdrettsanlegga.
Av i alt 103 innmelde hendingar i 2022, var det meldt om rømt fisk i underkant av 40 av dei. Dette er tal som har lege relativt stabilt dei seinaste åra, men nytt av året er at den største ikkje var av laks, men av torsk.
– Vi ser at rømmingsbiletet endrar seg over tid, og både tilsynet og næringa må tilpasse seg desse endringane. Eksempel på dette kan vere nye oppdrettsartar som endrar predatorsituasjon, eller nye produksjonsmetodar der ein ikkje har opparbeidd eit erfaringsgrunnlag, seier Britt Leikvoll, seksjonssjef ved strategisk akvakulturseksjon i Fiskeridirektoratet, i ei pressemelding.
Den største hendinga av rømming i fjor var i Voldsfjorden i Volda kommune i Møre og Romsdal. Der rømde 87.000 torsk frå anlegget til Gadus Group.
Samstundes har det vore ein auke i talet på nye søknader og løyve gitt til oppdrett av torsk. Fiskeridirektoratet samarbeider med Havforskingsinstituttet om datainnsamling etter hendinga i Voldsfjorden. Dei varslar tilsyn hos torskeoppdrettarane framover.
Samla rømde det 160.000 fisk frå oppdrettsnæringa i 2022. Direktoratet peikar på at tala er minimumstal, og at endelege tal på gjenfangst og rømmingstal kan ta over eitt år å få full oversikt over i ein del tilfelle.
Dei fleste rømmingane har skjedd i samband med arbeidsoperasjonar som til dømes avlusing.
– Med bakgrunn i dette har vi gjennomført tilsyn i heile landet rundt risikostyring av avlusing i verksemdene. Dette har vore ei omfattande satsing, seier Leikvoll i pressemeldinga.
Publisert: 12.01.2023 17:45
Sist oppdatert: 12.01.2023 17:57