Kort fortalt

Torsken utsett for tempauke

Gyteevna vert då redusert.

13.06.2019
NPK: Førebelse forskingsresultat viser at torsken får nedsett reproduksjon dersom temperaturen på vatnet aukar.
I september i fjor starta prosjektet som har forska på reproduksjonen til torsken ved auke i havtemperaturar og andre klimaendringar, skriv Havforskingsinstituttet på sine.
– Det vi har sett frå første stund, er at egga til torsken i det varmaste vatnet er av svært låg kvalitet, seier postdoktor Maud Alix.
Forskingssjef Olav Sigurd Kjesbu seier dei trur gytemønsteret til torsken vil verte endra i framtida.
– Det ein kan tenkje seg, er at torsken vil trekkje lenger nord for å gyte. Om nokre år vil kanskje ikkje torsken gyte sør i Nordsjøen i det heile, berre i den nordlege delen, seier han.

Publisert: 13.06.2019 13:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34