Kort fortalt

Torve vil ha ny Strynefjellsveg

Er overraska over prioriteringa.

NPK
09.04.2021

Fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap) i Møre og Romsdal er overraska over at regjeringa ikkje fann plass til ny Strynefjellsveg i Nasjonal transportplan.

Ny veg over Strynefjellet er eitt av prosjekta som blir tatt opp i høyringa i Stortingets transportkomite over helga. Fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap) meiner dette er ein veg som bør bli prioritert, skriv NRK.

Tidlegare har Nordfjordrådet sendt ei oppmoding til Stortinget om at startløyving til ny tunnel på riksveg 15 Strynefjellsvegen bør med i første del av kommande Nasjonal Transportplan.

Dei skriv at næringslivet i 15 kommunar i Vestland og Møre og Romsdal har riksveg15 Strynefjellet som si hovudtransportåre mellom aust og vest. Og at riksveg 15 i tillegg er hovudåra for kollektivtrafikken frå Nordfjord til både Austlandet og Trøndelag, og viktig for reiselivet.

Publisert: 09.04.2021 11:26

Sist oppdatert: 09.04.2021 11:27