Kort fortalt
Transportselskap over 100 millionar
Ålesund-selskapet LG Logistics hadde i fjor sitt beste år sidan starten.
24.04.2023
Selskapet vart etablert i 2005 og er eit gods- og frakteselskap som held til i Breivika i Ålesund. I fjor passerte selskapet 100 millionar kroner i omsetning med god margin. Beste året før fjoråret var i 2014 med ei omsetning på 93,3 millionar.
LG Logistics sysselsette i fjor 17 årsverk.
Eigenkapitalen er på 5,0 millionar kroner, og den langsiktige gjelda null.
Hovudaksjonær er Leif Otto Nesset med 78,5 prosent, medan Christian Lunheim, Reidun Klock og Torgeir Stene eig 7,1 prosent kvar. Dei kan for fjoråret fordele eit utbyte på 3,5 millionar.
SG Logistics | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 104,5 | 82,4 | |
Driftsresultat | 5,1 | 2,8 | |
Resultat før skatt | 5,3 | 2,9 |
Publisert: 24.04.2023 20:20
Sist oppdatert: 24.04.2023 20:29