Kort fortalt

Tre av ti framleis på heimekontor

Ingen folkevandring tilbake på kontora.

NPK
21.02.2022

Sjølv om samfunnet har opna opp igjen, er det framleis mange som jobbar heimanfrå, og seks av ti har ikkje klemt nokon utanfor husstanden den siste veka.

I den nyaste oppdateringa av Norsk koronamonitor frå Opinion svarer 30 prosent av arbeidstakarane at dei hovudsakleg hadde heimekontor førre veke. Det er like mange som veka før.

– Gjenopninga har så langt ikkje medført ei folkevandring tilbake til kontora. Og heimekontor har nok uansett komme for å bli for mange, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

21 prosent seier dei i hovudsak har slutta å gå ut av huset, ein auke på 2 prosentpoeng frå veka før.

Rekordhøge 39 prosent seier dei eller nokon i husstanden har hatt sjukefråvær på grunn av koronasituasjonen den siste månaden. 35 prosent seier nokon i husstanden er forkjølte eller mistenkjer koronasmitte. Også det er ny rekord.

Klemmane sit litt lausare enn før; 40 prosent seier dei har klemt nokon dei ikkje bur saman med den siste veka. Det er ein oppgang frå 35 prosent veka før, men betyr samtidig at seks av ti nordmenn ikkje har klemt nokon utanfor eigen husstand nyleg. Det er omtrent like mange som dei 57 prosentane som seier at dei saknar meir kontakt med andre menneske.

91.000 personar er spurde i Opinions undersøking.

Publisert: 21.02.2022 07:21

Sist oppdatert: 21.02.2022 10:28

Mer om