Kort fortalt

Tre av ti vil bruke mindre pengar i ferien

13 prosent vil bruke meir.

08.05.2019
NPK-NTB: Så mange som kvar tredje nordmann planlegg å bruke mindre pengar på sommarferien i år enn i fjor.
Det kjem fram av ei landsdekkande spørjeundersøking Norstat har gjennomført på vegner av Bank2.
30 prosent svarer at dei planlegg å bruke mindre pengar i sommarferien i år enn i fjor, medan 13 prosent svarer det motsette. 45 prosent tenker å bruke like mykje. Dei resterande 13 prosentane svarer «veit ikkje».
– Norsk økonomi går framleis bra, men det byrjar å gå opp for folk at rentenivået kan vere på veg oppover. For mange nordmenn betyr dette eit vesentleg strammare budsjett enn tidlegare, seier administrerande direktør Frode Ekeli i Bank2.
Samtidig seier tre av fire at dei ikkje planlegg å betale ekstra ned på gjelda si når feriepengane kjem. 73 prosent føler at dei har råd til å ta seg ferie i sommar.

Publisert: 08.05.2019 17:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35