Kort fortalt

Tre innstilte frå Vigra - to frå Årø

167 innstilte SAS-flygingar fredag

NPK
15.07.2022

Så langt i dag har 167 flygingar til og frå Noreg vorte kansellerte som følgje av SAS-streiken.

Det viser tal frå Avinors nettsider.

900 SAS-pilotar gjekk måndag 4. juli ut i streik, og sidan då har 1.843 flygingar i Noreg vorte kansellerte.

Av dei 167 innstilte flygingane i dag var 85 av flygingane innanlands, 68 var innanfor Schengen, og 14 var utanlandsflygingar utanfor Schengen.

Laurdag er allereie seks flygingar innstilte.

Kanselleringar per flyplass

Dette er fordelinga på innstilte avgangar frå norske flyplassar så langt i dag:

* Oslo: 68

* Trondheim: 10

* Bodø: 7

* Stavanger: 7

* Tromsø: 7

* Bergen: 6

* Ålesund: 3

* Bardufoss: 3

* Alta: 2

* Harstad/Narvik: 2

* Haugesund: 2

* Kirkenes: 2

* Kristiansand: 2

* Kristiansund: 2

* Molde: 2

* Lakselv: 1

Publisert: 15.07.2022 09:11

Sist oppdatert: 15.07.2022 09:12

Mer om