rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Tre småbedrifter gjekk over ende

Veka starta med fleire konkursar.

Marius Rosbach
10.12.2024

Møre og Romsdal tingrett opna heile tre konkursar i mindre selskap måndag. 

Verimar Explorer i Ålesund er registrert innan undervisning og blei starta i 2020. 

Det var styret som gjekk til tingretten og melde oppbod for selskapet som var oppført med eitt årsverk og ei inntekt på nær ein million i 2023. 

Rekneskapen har gått i minus, og retten fekk opplyst at det var drygt 350.000 kroner i gjeld og kring 10.000 kroner i verdiar i selskapet. 

Ålesund-selskapet Sun Atlantic Holding Company er oppført å drive engroshandel med metall, og blei første gong registrert i 1995. 

No er det kroken på døra etter krav frå skatteetaten på nær 137.000 kroner. Ingen frå selskapet møtte i retten. Det har vore liten aktivitet i firmaet dei siste åra og selskapet hadde ingen tilsette i 2023. 

Tingretten opna også konkurs i eit enkeltpersonføretak i Herøy innan bygg- og anlegg som dreiv med graving og transport.

Publisert: 10.12.2024 10:30

Sist oppdatert: 10.12.2024 10:30

Mer om