Kort fortalt

Trekkjer seg som fylkesmann

Nesvik held fram i Sølvtrans.

30.05.2018
NPK-NTB: Harald Tom Nesvik (52) trekkjer seg frå stillinga som fylkesmann i Møre og Romsdal. Han skulle eigentleg tiltre ved årsskiftet.
Ifølgje grunngjev Frp-politikaren avgjerda med omsynet til familien og at han ikkje ønsker seks nye år med pendling.
– Eg har i dag gitt beskjed om at eg trekkjer meg frå stillinga som fylkesmann. Eg er etablert i ein ny jobb som kommunikasjonssjef i Sølvtrans og i tillegg er det familiære årsaker som gjer at eg ikkje ønsker å forplikte meg til seks nye år med pendling mellom Ålesund og Molde, seier Nesvik.
Nesvik vart utnemnt til fylkesmann i statsråd i juni i fjor. Noverande fylkesmann og partikollega Lodve Solholm blir pensjonist neste år.
Nesvik vart først vald inn på Stortinget i 1997 og representerte Møre og Romsdal i fem periodar.

Publisert: 30.05.2018 13:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39