Kort fortalt

Trur dei fann svaret på «laksegåte»

Kvifor minka storleiken på villaksen brått?

NPK
07.03.2022
(NPK): På eitt år blei veksten til villaksen kraftig redusert langs store delar av norskekysten. No har forskarar avdekte kvifor, skriv forskingsstiftinga NORCE.

Tilførsel av næringsrikt arktisk vatn, som vanlegvis blir transportert naturleg inn i Norskehavet nord for Island, blei kraftig redusert i 2005.


NORCE-forskar Knut Wiik Vollset og kollegaer meiner i ein ny studie, publisert i tidsskriftet Science Advances, at dette er grunnen til at det blei ein plutseleg reduksjon i veksten til villaks frå 2004 til 2005 langs norskekysten.

I dei to mest utsette regionane, Vestlandet og Sør-Noreg, er nedgangen på veksten 25 og 36 prosent.

Forskarane peiker på klimaendring som ein mogleg forklaring, men viser til at kunnskap om kva som styrer straumen av arktisk vatn er mangelfull.

– Grunnlaget for sterke laksebestandar er gode vekstforhold i havet. Når slike drastiske endringar i havet skjer, blir laksebestandane våre meir sårbare enn dei har vore, seier Vollset i pressemeldinga.

(©NPK)

Publisert: 07.03.2022 10:24

Sist oppdatert: 07.03.2022 10:27

Mer om