Kort fortalt

Trur kraftprisen stig - igjen

Det meiner kraftanalytikar.

16.11.2018
NPK-NTB: Straumprisen har stige kraftig dei siste vekene, og vil halde fram å stige, ifølgje kraftanalytikar.
– No får vi ei ny kuldebølgje frå og med helga, og det er grunnen til at straumprisen har stige i det siste, seier analytikar Ole Tom Djupskås i analysebyrået Thomson Reuters til .
Han forklarar at svært mykje nedbør i september gjorde at hydrobalansen gjekk frå å vere kraftig i minus til å bli meir normal. Hydrobalansen er summen av vatnet i magasina, snøen i fjellet og tilsig frå elver og terreng.
Tal frå Nordpool som DN refererer til, viser at straumprisen den siste veka har lege på rundt 45 øre per kilowattime. Djupskås trur straumprisen vil halde fram å stige framover og at han vil liggje på rundt 50 øre ut året.
– Det heng saman med at det blir tørt framover. Vi hadde ganske bra med tilsig sist helg, men no blir det knusktørt framover, seier han, men legg til at alt kan skje.

Publisert: 16.11.2018 11:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36