Kort fortalt

Trur Ålesund har passert smittetoppen

Nedgang i koronasmitta førre veke.

Marius Rosbach
07.03.2022

Ålesund kommune registrerte færre koronasmitte førre veke.

3048 stadfesta tilfeller, er ein nedgang på 36 prosent frå veka i forvegen, då det vart registrert 4767 tilfeller.

– Det er låg testaktivitet som følge av endra nasjonale testoppmodingar. Likevel blir dette tolka som at smittetoppen no er nådd i Ålesund, skriv kommunen i ei melding måndag.

Kommunen ventar at det vil vere høge smittetal i vekene framover.

22 pasientar er innlagt med korona i Helse Møre og Romsdal og legevakt melder om høg belastning på grunn av personar med mistanke om luftvegsjukdom.

Publisert: 07.03.2022 13:49

Sist oppdatert: 07.03.2022 13:50

Mer om