Kort fortalt

Trøbbel for BankID

Skattepengane laga kork på nettet.

20.06.2019
NPK-NTB: Fleire bankkundar har torsdag morgon opplevd problem med å logge inn med BankID. Årsaka er stor trafikk på grunn av skatteoppgjeret.
Innloggingsproblema gjeld dei fleste bankane, mellom anna DNB, Gjensidige, Sbanken, SpareBank 1 og Storebrand.
– På morgonkvisten har det vore problem med BankID på mobil for både Telia og Telenor. Problema er no løyst for Telenor. Telia-kundar kan bruke kodebrikke eller vente til trafikken går litt ned, seier kommunikasjonssjef Hanna Kjærnes i BankID til NTB.
Ho meiner årsaka er høg trafikk fordi folk vil sjekke skatteoppgjeret som vart lagt ut torsdag.
Også Altinn har problem torsdag morgon. Dette gjeld både innlogging med BankID for mobil og innlogging med kodebrikke. Innlogginga stoppar opp på grunn av tidsavbrot.

Publisert: 20.06.2019 11:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34