Kort fortalt

Turisthotell i Valldal til sals

Ektepar vil pensjonere seg.

03.12.2019
Ekteparet Eli Linge Boatwright og Mike Boatwright vil pensjonere seg og vil selje Fjellro Turisthotell i Valldal, skriver .
– Dette er eit bra hotell å drive, gjerne for yngre personar som vil satse, og som vil tenkje nytt. Vi har iallfall levd av å drive hotellet dei siste 36 åra, seier Eli Linge Boatwright til avisa.
No vil ho og ektemannen Mike Boatwright pensjonere seg.
Hotellet med i alt 24 rom, blei bygd i 1919, og er etterpå utvida med to bygg.
I tillegg er det restaurant, pub, kafé/frukostsal, møterom/tv-stove og tre terrasser. Dei seinare åra er det også investert i uteområde med sitteplassar, toalett, dusj, badstove og utescene, ifølge avisa.

Publisert: 03.12.2019 08:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31