Tussa-støtte til innovasjonssenter
Tussa støttar etablering av innovasjonssenter ved Høgskulen i Volda.
Skal bli ein arena for samhandling, kunnskapsutveksling og tverrfagleg innovasjon.
Når Norsk Innovasjonssenter AS flyttar inn på Volda Campus er det med Tussa på laget. Tussa bidreg med 300 000 kroner til senteret, opplyser selskapet i ei pressemelding.
Norsk Innovasjonssenter er i dag eigd av Sunnmøre Kulturnæringshage, og planen er å hente inn kapital frå Volda kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og ulike næringslivsaktørar i regionen. Selskapet vil stå som ein av fleire leigetakarar i bygget som Volda Utvikling skal realisere i Aasenkvartalet på høgskuleområdet.
– Etablering av innovasjonssenter i Volda og på campus er viktig for regionen. Her vil vi få ein sterk arena for samhandling, kunnskapsutvikling og tverrfagleg innovasjon til nytte for næringslivet, kommunar, studentar og fagmiljøet ved Høgskulen i Volda.
- Vi ser at det planlagde innhaldet i senteret er relevant for Tussa og forretningsområda våre, som er IKT, fornybar energi og installasjon. Vi ser fram til eit styrka samarbeid mellom innovasjonssenteret, høgskulen, næringslivet og Tussa, seier Elling Dybdal, konsernsjef i Tussa, i pressemeldinga
Publisert: 11.05.2023 10:04
Sist oppdatert: 11.05.2023 10:04