Kort fortalt

Tysdag vert Vestland konstituert

Stor festivitas i Håkonshallen.

11.10.2019
NPK: Vestland fylkesting vert konstituert tysdag . Ti heldige innbyggjarar er invitert til den historiske hendinga.
Konstitueringa av Vestland fylkesting blir markert med stor festivitas i Håkonshallen i Bergen 15. oktober. Det er duka for talar og underhaldning når den første fylkesordførarkjeda skal verte overrekt til den nye fylkesordføraren, Jon Askeland (Sp). Ti heldige innbyggjarar har vorte trekt ut til å vere med på den høgtidelege markeringa, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune på nettsidene sine.
Ragnhild Midtbø er blant dei heldige. Ho er fødd på Voss og budde der dei første 24 åra av livet sitt. Dei siste 40 åra har ho budd i Nordalsfjorden i Flora.
– Dette blir ei oppleving å få vere med på, og på historisk grunn. Eg tykkjer det er veldig positivt at desse fylka no blir slått saman. Vi har det same vestlandske folkelynnet, og eg tykkjer det er ei positiv utvikling i begge fylka, seier Midtbø.
Det blir til saman over 200 gjester i Håkonshallen 15. oktober. Både ordførarar og representantar frå næringsliv, organisasjonar og frivillige er invitert.

Publisert: 11.10.2019 12:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32