NPK-NTB: I juni i år blei det gjennomført 175,2 millionar kortkjøp her i landet. Det er ny rekord. Særleg aukar kontaktlaus betaling.
I juni blei betalingskorta nytta til å handle for 59,7 milliardar kroner, noko som utgjer ein auke på 1,6 prosent samanlikna med same månad i fjor, viser tal frå og BankAxept. Talet på kortkjøp auka 4,9 prosent.
– I juni var det også fire dagar der det blei utført meir enn sju millionar kortkjøp. Til samanlikning skjedde dette berre éin gong i juni i fjor. På fredagar med mykje handel blir det gjerne gjennomført rundt seks millionar kortkjøp, så sju millionar er mykje, seier pressesjef Stein-Arne Tjore i Nets i Noreg.
Betalingskorta har første halvår i 2018 blitt brukt nesten 920 millionar gonger, ein vekst på 3,4 prosent.
I juni blei det gjennomført meir enn 2,7 millionar kontaktlause korttransaksjonar med BankAxept-kort. Dette er ein vekst på 30,8 prosent samanlikna med mai.
– Dette trur vi er teikn på at stadig fleire forbrukarar og utsalsstadar blir meir fortruleg med tæpping, seier marknadsdirektør Vegar Heir i BankAxept.

Publisert: 05.07.2018 11:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38