Fora Form
VALUTA: Svak norsk krone er hovudårsaka til at 2024 blei utfordrande for Fora Form, ifølgje eigarane, Lammhults Design Group. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Tøffare for Fora Form-eigar

Skal betre lønsemda kraftig innan to-tre år.

06.02.2024

Det svenske møbelkonsernet svenske Lammhults Design Group har lagt eit tøft år bak seg, skriv møbelkonsernet i sin førebelse årsrapport for 2023.

Fleire tiltatak for å auke lønsemda har førebels ikkje slått ut i resultatetet. Målet er å nå eit driftsresultati høve til driftsinntekter (ebit) på åtte - ti prosent innan to-tre år, ifølgje årsrapporten. I 2023 skulle driftsinntektene vore minst 77 millionar kroner, ikkje 20,9 millionar som det blei (sjå tabell).

Lammhults Design Group kjøpte Fora Form i Ørsta frå det norske investeringsselskapet Credo for 73 millionar kroner i 2013. Fora Form er spesialist på møblar til offentlege rom, både til bedrifter og offentlege kundar.

Ifølgje årsrapporten hadde Fora Form eit utfordrande situasjon i år, først og fremst på grunn av svak norsk krone, men fekk eit løft i fjerde kvartal.

Lammhults Design Group AB

Per 4. kvartal. I mill. svenske kroner

20232022
Driftsinntekt958,5937,4
Driftsresultat 20,941,4
Resultat før skatt7,335,2
Lammhults Design Group AB
4. kvartal. I mill. svenske kroner20232022
Driftsinntekt258,1272,9
Driftsresultat14,015,4
Resultat før skatt9,413,9

Publisert: 06.02.2024 13:09

Sist oppdatert: 06.02.2024 13:09