Kort fortalt

Tørke dempa veksten

Stillstand i norsk fastlandsøkonomi.

13.11.2018
NPK-NTB: Bruttonasjonalproduktet (BNP) for Fastlands-Noreg auka med 0,3 prosent i tredje kvartal. Tørken i sommar trekte ned veksten.
Tørkeperioden førte nemleg til klar nedgang i jordbruksproduksjonen, noko som trekte ned fastlandsøkonomien med 0,2 prosentpoeng, opplyser frå (SSB) tysdag.
Svak konsumutvikling, særleg i september, påverka varehandelsnæringa negativt og dempa òg veksten i tredje kvartal, viser nye tal frå statistikken .
Tenester elles, som teknisk og forretningsmessig tenesteyting og dessutan informasjonsteknologi, hadde klar vekst. Dette er ei utvikling vi har sett gjennom fleire månader. Også byggje- og anleggsverksemd heldt fram å bidra positivt slik den har gjort over lang tid.
Industriproduksjonen auka med 0,5 prosent i tredje kvartal etter ein oppgang på 1,2 prosent kvartalet før.
Det samla konsumet til hushalda fall med 0,2 prosent, etter ein vekst på 1,0 prosent kvartalet før.
SSB-tala viser dessutan at petroleumsinvesteringane auka med 13,2 prosent frå første til andre kvartal og heldt fram å auke i tredje kvartal.
Eksporten av varer og tenester auka samla sett med 0,9 prosent i tredje kvartal. Det var særleg råolje og naturgass som bidrog til oppgangen.
Sysselsetjingsveksten gjennom første halvår heldt fram inn i tredje kvartal. Sesongjustert vekst i tredje kvartal er berekna til 0,4 prosent, som svarar til rundt 10.700 sysselsette.

Publisert: 13.11.2018 11:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36