Kort fortalt

Tørkeerstatning på 123 millionar

110.000 kroner i snitt til bøndene.

03.10.2018
NPK-NTB: Så langt er det utbetalt rundt 123 millionar kroner i erstatning for svikt i avlingar etter den tørre sommaren i år. I snitt er utbetalinga 111.000 kroner.
Det opplyser .
Fristen for å søke erstatning etter tørkesommaren er 31. oktober, men seksjonssjef Gunn Eide i Landbruksdirektoratet oppfordrar bøndene til å ikkje vente til fristen, men søke så raskt dei har nødvendig dokumentasjon.
– Ved å søke no er det lettare å få hjelp til å søke, og bøndene får raskare svar, seier Eide.
Ein prognose frå 15. september tilseier at det vil komme over 12.000 søknader om erstatning. En tredel av søknadene er venta å komme frå Oppland, Oslo og Akershus.
Prognosane peikar også mot at gardbrukarar vil søke erstatningar på over 1,3 milliardar kroner, opplyste i september. Beløpet er 200 millionar kroner høgare enn prognosen frå august.
Talet på søknader er vesentleg høgare enn i eit gjennomsnittsår, då det kjem rundt 700 søknader om avlingsskadeerstatning.

Publisert: 03.10.2018 08:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37