NPK-NTB: Tørre leitebrønnar skaper bekymring hos det statlege selskapet Petoro.
Så langt i år har det vorte bom på 11 av 17 leitebrønnar for Petoro. Toppsjef Grethe Moen meiner det byrjar å haste med nye storfunn av olje og gass dersom produksjonen på norsk sokkel skal haldast oppe, skriv Sysla.
Petoro er partnar på 35 felt og har eigardelar i 200 lisensar på norsk sokkel. Det statlege aksjeselskapet er aldri operatør.
I år har selskapet vore partnar på 17 leitebrønnar. Ti av desse var i Nordsjøen, fire i Barentshavet og tre i Norskehavet. 11 av brønnane har vore tørre, og funna har ikkje vore store.
– Nokre kan kanskje koplast opp mot andre funn, men ingen er i nærleiken av å forsvare ei sjølvstendig utbygging, seier Moen til avisa, som viser til at mangelen på store funn lenge har vore ei bekymring hos bransjen og Oljedirektoratet.
Petoro har fire leiteforsøk i Norskehavet igjen i år. Den omstridde brønnen Toutatis på Trænarevet utanfor Helgelandskysten er ein av desse.
Måndag førre veke vart det kjent at Klima- og miljødepartementet held oppe Miljødirektoratets løyve etter forureiningslova for leitebrønnen.
Natur og Ungdom, Bellona og Noregs Kystfiskarlag vann dermed ikkje fram med sin klage på eit vedtak om å tillate prøveboring nær Trænarevet på Helgeland.

Publisert: 04.11.2019 08:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32