Ferda var ledd i eit havforskingsprosjekt med mål om at ubemanna båtar ved eiga hjelp skal kunne samle viktige havdata.
Det var i juni at båten Mayflower spekka av sensorar og dataløysingar frå IBM etter 40 døgn på havet nådde fram på reisa mellom Plymouth i Storbritannia og Halifax i Canada, skriv IBM Norge i ei pressemelding.
Den sjølvkøyrande båten er vorte til i samarbeid mellom den ideelle forskingsorganisasjonen Promare og IBM. Det er Promare og NTNU-forskar Fredrik Søreide som står for designet, medan IBM har stått for programvara og datasystema om bord.
Den virtuelle kapteinen på båten har mellom anna trena seg opp med å skanne over ein million maritime bilete for å kjenne igjen skip, bruer, land, fisk, fuglar, dyr, søppel og anna som fartøyet kan observere undervegs.
Behovet for informasjon om havet har aldri vore større. Ifølgje FNs klimapanel er havet varmare, meir forureina og meir uføreseieleg enn nokon gong før. Mayflower er designa for å samle viktig informasjon om havet på ein trygg, fleksibel og kostnadseffektiv måte.
Publisert: 08.07.2022 10:40
Sist oppdatert: 08.07.2022 10:42