Kort fortalt

Ubemanna daglegvarekjede

Skal ha 50 butikkar innan fem år.

Marius Rosbach
12.02.2021

NPK-NTB: Ei ny daglegvarekjede der alle butikkane skal vere ubetente og døgnopne, vil snart sjå dagens lys i Noreg

Kunden opnar BankID på smarttelefonen sin og skannar QR-koden ved inngangsdøra for å låse opp butikken, plukkar ut varene, skannar dei i kassen og betaler med kort eller Vipps, skriv Finansavisen.

– Vi skal drive ubemanna, døgnopne daglegvarebutikkar på ulike stader i Noreg. Fokuset vårt vil vere mindre stader som ikkje har eit tilbod i dag, seier Bendic Klevstadberget, dagleg leiar i 24-sju, som står bak AlltiMat, som kjeda heiter.

Les også: Meir sal med automatisk butikk

Dei skal etter planen basere seg på butikkar på rundt 50 kvadratmeter med eit avgrensa vareutval. Inspirasjonen til satsinga er henta frå Sverige, der slike konsept allereie er i gang.

– Den svenske avdelinga vår har nettopp opna den første butikken sin. Målet vårt er å opne første butikk i Noreg i andre kvartal 2021, seier Klevstadberget.

Han seier målet er opne ti butikkar innan første kvartal 2022 og minst 60 butikkar innan fem år.

Publisert: 12.02.2021 08:14

Sist oppdatert: 15.02.2021 12:51

Mer om