(NPK-NTB): Bustadprisane gjekk ned med 0,8 prosent frå september til oktober. Korrigert for sesongvariasjonar er prisane likevel uendra.
Det viser bustadprisstatistikken frå Eiendom Norge, Finn og Eiendomsverdi.
Bustadprisane er no 2,4 prosent høgare enn for eit år sidan.
– Den moderate prisutviklinga i bustadmarknaden heldt fram i oktober. Vi ventar at bustadprisane, som normalt for siste kvartal av året, vil falle dei neste månadene, seier administrerande direktør Christian Vammervold Dreyer i Eiendom Norge i ei pressemelding.
Det vart likevel lagt ut 1,2 prosent færre bustader for sal i oktober i år enn i fjor, med totalt 9.895 bustader. Hittil i år er det likevel lagt ut 2,9 prosent fleire bustader for sal enn i same periode i 2018.
– Til liks med mange tidlegare månader i 2019 blir det også i oktober sett omsetningsrekord. Og akkumulert for året har det aldri vorte selt så mange bustader ved utgangen av oktober som i år, seier Dreyer, og held fram:
– Det vart i oktober lagt ut mange bruktbustader for sal, og til liks med talet på sal er det òg her rekord så langt i år, seier Dreyer.
Oslo har den raskaste salstida med 25 dagar, medan Kristiansand og Stavanger og omland hadde dei treigaste salstidene av dei store byane med 72 dagar.
– Omsetningstida er stabil. I snitt har omsetningstida gjennom heile året lege høgare enn tidlegare år, noko som er naturleg gitt det store utbodet i bustadmarknaden, seier Dreyer.
(NPK-NTB)
Det viser bustadprisstatistikken frå Eiendom Norge, Finn og Eiendomsverdi.
Bustadprisane er no 2,4 prosent høgare enn for eit år sidan.
– Den moderate prisutviklinga i bustadmarknaden heldt fram i oktober. Vi ventar at bustadprisane, som normalt for siste kvartal av året, vil falle dei neste månadene, seier administrerande direktør Christian Vammervold Dreyer i Eiendom Norge i ei pressemelding.
Omsetningsrekord
Totalt vart det selt 9.184 bustader i Noreg i oktober, noko som er 1,7 prosent fleire enn i tilsvarande månad i 2018. Så langt i 2019 er det selt 3,4 prosent fleire bustader enn i same periode i 2018.Det vart likevel lagt ut 1,2 prosent færre bustader for sal i oktober i år enn i fjor, med totalt 9.895 bustader. Hittil i år er det likevel lagt ut 2,9 prosent fleire bustader for sal enn i same periode i 2018.
– Til liks med mange tidlegare månader i 2019 blir det også i oktober sett omsetningsrekord. Og akkumulert for året har det aldri vorte selt så mange bustader ved utgangen av oktober som i år, seier Dreyer, og held fram:
– Det vart i oktober lagt ut mange bruktbustader for sal, og til liks med talet på sal er det òg her rekord så langt i år, seier Dreyer.
Det tar lenger tid å selje bustad
Det tok i snitt 47 dagar å selje ein bustad i oktober, noko som er det same som i september og fire dagar meir enn i oktober i fjor.Oslo har den raskaste salstida med 25 dagar, medan Kristiansand og Stavanger og omland hadde dei treigaste salstidene av dei store byane med 72 dagar.
– Omsetningstida er stabil. I snitt har omsetningstida gjennom heile året lege høgare enn tidlegare år, noko som er naturleg gitt det store utbodet i bustadmarknaden, seier Dreyer.
(NPK-NTB)
Publisert: 05.11.2019 14:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32





