Kort fortalt

Ukraina-krigen råkar reiselivet

NPK
28.03.2022
(NPK): Reiselivet i Sogn har sett eit kraftig fall i talet på nye bestillingar og mange avbestillingar frå Russland etter krigsutbrotet i Ukraina. Selskapet Bergen Fjordtours vurderer å avvikle drifta.

– Det låg an til ein svært god sommarsesong. Me hadde bookingar frå dei fleste marknader, seier reiselivsdirektør Heidi Hauge i Visit Sognefjord til Sogn Avis. Men etter krigsutbrotet i Ukraina vart det full stopp i bestillingane.

Den russiske marknaden er ikkje så stor, men for dei som venta slike gjester er verknaden stor. Hauge bekreftar at det er godt betalande kundar som no ikkje kjem, men det er likevel dei generelle verknadene av krigen som er mest alvorlege.

– Utfordringane våre er dei langvarige konsekvensane viss krigen held fram utover. Den russiske marknaden lèt seg nok erstatta. Men auka drivstoffkostnader og dyrare flybillettar talar ikkje til vår fordel. Me ser det vert dyrare matvarer i Europa, høgare kornprisar og svekt kjøpekraft, seier Hauge.

Inge Hatlebrekke, som eig Bergen Fjordtours, fortel at 60–70 prosent av omsetninga deira kjem frå russarar og ukrainarar.

– Det har vore ei betalingssterk kundegruppe. Det blir nesten umogleg å klare seg utan dei, seier Hatlebrekke til E24. Han fortel at selskapet eigentleg er konkurs, og at han må bruke private midlar for å halde det i gang.

(©NPK)

Publisert: 28.03.2022 15:13

Sist oppdatert: 28.03.2022 15:14

Mer om