Curt Åge Hauge i SHOK Partner AS og Iver Bjørnerem i Ulmatec Handling A
INN I ULMATEC-KONSERNET: Curt-Åge Hauge i SHOK Partner og Iver Bjørnerem i Ulmatec Handling. Foto: Shok Partner
Kort fortalt

Ulmatec-kjøp

Shok Partner blir ein del av Ulmatec-konsernet.

07.07.2023

- Vi er fornøgde begge to, seier dagleg leiar og medeigar Curt-Åge Hauge i Shok Partner i Herøy etter salet til Ulmatec-konsernet.

Shok Partner blei etablert i 2016 og prosjekter, levere og styrer monteringsarbeid av rustfri innredning, bysser, vaskeri og avfallshåndtering til både skip og hotell, restaurant og storkjøkken.

I 2022 hadde selskapet sju millionar kroner i driftsinntekt og minus 1,3 millionar kroner i resultat før skatt. Kombinasjonen av pandemi og krig har medverka til kostnadsauke og leveringsuvisse som gjorde 2022 utfordrande, ifølgje Hauge. I 2021 var driftsinntektene 9,2 millionar kroner og resultatet før skatt 0,2 millionar.

Det er Ulmatec Components - eit datterselskap i Ulmatec-konsernet - som kjøper Shok Partner. Dei tilsette i Shok Partner blir med vidare etter kjøpet.

Publisert: 07.07.2023 11:24

Sist oppdatert: 07.07.2023 11:24

Mer om