Tarjei Wingsternes er dagleg leiar både ved Brygga Sportsbar og Kaffebaren Ulsteinvik. Han eig selskapa saman med faren Lidar Wingsternes, der Tarjei eig 60 prosent av aksjane.
I fjor omsette dei to selskapa for nesten like mykje - 5,9 millionar og 5,7 millionar kroner. Etter ein dett under pandemien, har omsetninga auka to siste åra.
Brygga Sportsbar sysselsette 4,1 årsverk i fjor, Medan Kaffebaren sysselsette tre årsverk.
Begge selskapa har 0,1 millionar kroner i langsiktig gjeld, medan eigenkapitalen ved årsskiftet var på 0,8 millionar kroner ved Brygga Sportsbar og 0,3 millionar ved Kaffebaren.
Eigarane kan for 2022 fordele eit utbyte på 0,9 millionar.
| Brygga Sportsbar | |||
| Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
| Driftsinntekter | 5,9 | 5 | |
| Driftsresultat | 0,6 | 0 | |
| Resultat før skatt | 0,6 | 0 | |
| Kaffebaren Ulsteinvik | |||
| Driftsinntekter | 5,7 | 5,8 | |
| Driftsresultat | 0,7 | 0,7 | |
| Resultat før skatt | 0,7 | 0,7 | |
Publisert: 12.05.2023 08:00
Sist oppdatert: 12.05.2023 02:41






