rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Ulstein-selskap dømt til millionerstatning

Leverte ikkje i tråd med avtale, meiner tingretten.

Marius Rosbach
08.10.2024

Constructer Bygg er dømt til å betale drygt 1,4 millionar kroner til eit enkeltpersonføretak på Notodden. 

Det kjem fram i ein fråværsdom frå Møre og Romsdal tingrett. 

Ulstein-selskapet skal ifølgje dommen ha fått forskotsbetaling på kring 1,3 millionar kroner for levering av eit elementhus i løpet av 2023. 

Saksøker meinte Constructer Bygg  har misleghalde avtalen ettersom det ikkje er produsert element til huset som skulle byggast på Notodden. 

Constructer Bygg har ikkje gitt eit tilsvar til retten innan fristen, og heller ikkje i ettertid. 

Tingretten kom til at vilkåra for fråværsdom er oppfylt, og dømte selskapet ved styreleiar til å betale 1.303.750 kroner i tillegg til sakskostnader på knappe 115.000 kroner. 

Publisert: 08.10.2024 11:36

Sist oppdatert: 08.10.2024 11:57

Mer om