Gunnar Breivik Hans Cato Haddal foto Sebastian 11
NYE I STYRET: Hans Cato Haddal (t.v.) og Gunnar Breivik er nye i styret til Sebastian i Ulstein. Foto: Privat
Kort fortalt

Ulstein-selskap satsar på ny vekst

Konsulentselskap i maritim og offshore med nye krefter i styret.

Marius Rosbach
04.06.2024

Ulstein-selskapet Sebastian har fått på plass Gunnar Breivik (66) og Hans Cato Haddal (57) i styret, ifølgje ei pressemelding frå bedrifta.

Med dei to utflytta ulsteinvikarane på plass, har selskapet mål om å vekse frå ti tilsette – til kring 40 medarbeidarar om fem år, opplyser dagleg leiar Johannes Kristian Bjøringsøy.

– Vi har stor tiltru til at deira varierte kompetanse og omfattande erfaring frå næringslivet gjennom mange år vil hjelpe Sebastian til å nå vårt ambisiøse mål, uttaler han i meldinga.

Bjøringsøy legg til at Brasil er ein spanande marknad.

– Etter mange år med målretta arbeid har vi no fått eit godt fotfeste, og er tungt involvert i både lokale reiarlag og oljeselskap der, legg han til.

Selskapet hadde ein topp i omsetninga i 2020, med 26,5 millionar. I 2022 var dei nede i 11 millionar. Resultat før skatt har vore svært god i dei same åra, med eit samla overskot på 14 millionar.

Publisert: 04.06.2024 16:09

Sist oppdatert: 04.06.2024 16:10

Mer om