Kort fortalt

Ulsteining leiar merkevarebyrå i verdsklasse

Internasjonalt prisdryss til utflytta sunnmøring.

22.01.2021
Merkevarebyrået Kind med ulsteiningen Tom Emil Olsen ved roret er nyleg kåra til «Globalt Agency of the Year», ifølgje .
Han leiar byrået i Bergen, som forsynte seg grovt av premiebordet under World Brand Design Society (WBDS) i London. Dei har prestert svært bra i tilsvarande kåringar dei siste åra, og fekk heile ti medaljar i ulike kategoriar under den siste kåringa.
– Vi har fått ein massiv pågang av ordrar etter prisraset dei siste åra - og jobbar no med kundar frå USA, Monaco, Tyskland, Storbritannia og mange andre land. Det er sjølvsagt veldig, veldig kjekt - og viser at det vi gjer er bra, seier Olsen til avisa.
Den utflytta sunnmøringen har erfaring frå Tegneren i Ulsteinvik og Havnevik i Ålesund, men starta for seg sjølv med Kind Conceptual Branding i 2013. Hovudkontoret ligg i Bergen og dei har også avdelingskontor i Oslo, Edinburgh, Aberdeen og Shanghai.

Publisert: 22.01.2021 10:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23