Kort fortalt

Underskot for turisthotell i 2019

– Har vore ein tøff periode, seier hotelleigaren i Volda.

NPK
30.03.2021

(NPK): Volda turisthotell gjekk med underskot i 2019, men styreleiaren seier det gjekk betre i 2020.

Styreleiar Eiliv Halkjelsvik seier til Møre-Nytt at situasjonen er betre for hotellet enn det 2019-rekneskapen kan indikere. 2020-rekneskapen er ikkje klar, men Halkjelsvik seier at fjoråret ser ut til å vere betre enn dei to føregåande åra.

– Det har vore ein tøff periode. Likevel ser ut det ut til å vi får positivt driftsresultat i 2020. Vi klarte å kapre nokre kontraktar i bedriftsmarknaden tidleg på året. Vi har som eitt av få hotell i nærområdet hatt ope heile tida, og dei tilsette har verkeleg stått på. seier styreleiaren til avisa.

(©NPK)

Publisert: 30.03.2021 13:35

Sist oppdatert: 30.03.2021 13:37

Mer om