Kort fortalt

Ungdom leverte 235 tonn fisk og skaldyr

499 unge fiskarar deltok i sommar.

NPK
19.08.2025

(NPK): Ungdomsfiskeordninga for 2025 starta 16. juni, og vart avslutta 15. august. I år deltok 499 ungdommar i Noregs Råfisklags område – frå Finnmark til Nordmøre.

Målet med ordninga er å gi unge ein inngang til fiskaryrket. Dette er dermed ein viktig rekrutteringsarena til fiskeria, og gir sommarjobb for ungdom mellom 12 og 25 år langs heile kysten, skriv Råfisklaget.

Til saman har ungdomsfiskarane levert over 235 tonn fisk og skaldyr i perioden. Ungdomsfiskarane fiska 28 ulike artar.

Råfisklaget har utbetalt verdien på over 10,6 millionar kroner, og 79 fiskemottak og 55 kjøparar har teke imot råstoff, i ein elles stille periode for fiskemottaka.

Ungdomsfisket kan drivast med stong, handsnøre, juksemaskin, garn, liner, eller teiner/ruser. I Råfisklagets område er det liner, jukser og teiner som er mest brukt i fisket.

– God rekruttering til fiskeria er viktig for Noreg. Matberedskap, nærvær langs kysten i framtida, kunnskapsoverføring og vidareføring av norsk kystkultur er avgjerande for samfunnet vårt, seier Espen Renø Svendsen i Råfisklagets avdeling for samfunnskontakt.

(©NPK)

Publisert: 19.08.2025 11:24

Sist oppdatert: 19.08.2025 11:24

Mer om