Kort fortalt

Unge vaksne vel elbil

Halvparten av dei under 40 år vil kjøpe elbil.

NPK
16.03.2023

Bilinteressa er størst blant unge vaksne viser ei ny undersøking. Og det er flest potensielle elbilistar blant dei under 40 år, i følgje ei pressemelding frå NAF.

I NAFs elbilmonitor som er utført av Norstat i januar, svarer halvparten av dei under 40 år at deira neste bil blir ein elbil. Det er større andel enn til dømes blant dei over 60 år. Her svarer berre ein tredel det same.

– Dette viser at yngre bileigarar er meir opptekne av ny teknologi, og lettare tek steget frå eksosbil til elbil, seier senior kommunikasjonsrådgivar i NAF, Nils Sødal.

– Avgiftene på elbil auka mykje frå nyttår, med både vektavgift, moms og auka bompengar på elbilar. Det har derfor vorte dyrare å skaffe seg ein ny familie-elbil i 2023 enn det var i 2022. Samtidig har både renter og matutgifter auka for dei fleste, seier Sødal.

– At halvparten av folk under 40 likevel ser på elbil som sin neste bil kan vere eit teikn på at mange reknar inn kor mykje dei sparer ved å eige og bruke ein elbil når dei ser etter sin neste bil, meiner Sødal.

Dei fleste kjøper rett nok ikkje ny bil. Det blir seld rundt 150.000 nye bilar i året i Noreg, medan det er ein halv million bruktbilkjøp.

Publisert: 16.03.2023 12:41

Sist oppdatert: 16.03.2023 12:43

Mer om