Kort fortalt

Union Øye gjekk millionar over budsjett

Hotellet har klart krisa godt.

09.02.2021

(NPK): Koronaviruset gjorde 2020 til eit elendig år for mange norske hotell. Men historiske Hotel Union Øye i Hjørundfjorden på Sunnmøre har vore fullbooka.

Det vesle trehotellet frå 1891 har overlevd verdskrigar og pandemi tidlegare. Heller ikkje koronaviruset la nokon stor dempar på stemninga.

– Det kjennest nesten gale å seie det, men 2020 var eit fantastisk år for oss. Vi endar nok rundt 2 millionar over budsjett, seier hotelldirektør Mariann Øye til NRK.

Kontrast i bransjen
Den gode sesongen på Øye står i sterk kontrast til korleis dei fleste andre norske hotell har hatt det sidan mars.

– Det var eit frykteleg år. I heile 2020 har hotell over heile landet måtte slåst for å overleve. Ein har vore heilt avhengig av hjelp frå myndigheitene, seier Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv, til kanalen.

Devold peikar på at Hotel Union Øye er i ei særstilling som eit lite, men godt kjent hotell med mange norske gjestar.

– Det er eit fantastisk hotell som har vore tru til ein strategi sidan starten i 1891. Naturen var grunnen til at hotellet vart bygd. Og den plasseringa i spektakulær natur, ved foten av eit ikonisk fjell som Slogen, er framleis hotellet sin største styrke, seier Devold.

Flakk-investering på kring 200 mill
No er det hektisk byggjeaktivitet rundt det vesle hotellet i bygda Øye i Ørsta kommune. Dei skal oppgradere og utvide mellom anna med eit påbygg med heis og seks nye suitar.

NETT NO omtala seint i haust satsinga Flakk-familien er i gong ved på hotellet. Investeringa er på nærare 200 millionar kroner.

(©NPK)


Publisert: 09.02.2021 15:19

Sist oppdatert: 19.05.2022 17:10