Kort fortalt

Uro blant norske handelsbedrifter

Stor uvisse om framtidig omsetning.

NPK
01.12.2022

Lågare kjøpekraft, mangel på råvarer og høge straum- og drivstoffprisar gjer at norske kjøpmenn har ei lågare forventning til omsetninga framover enn då landet stengde ned under koronapandemien.

– Vi har gjennomført Handelsundersøkelsen sidan 2018, og har aldri tidlegare sett ei så stor uvisse rundt framtidig omsetning, seier Kjell-Fredrik Kristiansen, partnar og bransjeleiar handel i rådgivings- og revisjonsselskapet BDO, i ei pressemelding.

BDO har nyleg lansert undersøkinga i år, der 200 økonomisjefar i handelsbransjen hadde gjort seg tankar om framtida.

I 2021 trudde 85 prosent av dei spurde at omsetninga ville vere anten uendra eller gå opp det neste året. I byrjinga av koronapandemien i 2020 trudde 74 prosent også på stabilitet eller auke. I år viser undersøkinga at berre 67 prosent svarer det same. Ein av tre trur omsetninga går ned.

94 prosent av respondentane trur auka kostnader dei siste 12 månadene vil medføre endring i utsalsprisane på varer og tenester, og forklarer endringa med auka prisar på råvarer som følgje av auka inflasjon. Sjølv om det er tydeleg at delar av rekninga vil bli sendt til forbrukarane, trur Noregs Bank at bedriftene ikkje fullt ut får velta dei auka kostnadene knytt til straum og andre innsatsfaktorar over på kundane.

Publisert: 01.12.2022 12:52

Sist oppdatert: 01.12.2022 23:30

Mer om