Kort fortalt

Uroa for grøn Raumabane

Fylkeskommunedirektøren vil ha opp tempoet.

Marius Rosbach
19.10.2023

Ein kan ikkje vente til 2027 med å greie ut grønare løysingar for Raumabanen.

Det meiner fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal og vil at det snarast blir tatt ei avgjerd for kva miljøvenleg teknologi som skal brukast på jernbanestrekninga frå Åndalsnes til Dombås.

Fylkeskommunedirektøren er bekymra for at Raumabanen vert nedprioritert om ein skal vente fram til 2027. Det kjem fram i svaret på ei høyring til konseptvalutgreiing (KVU) for reduserte utslepp av klimagassar på jernbane, ifølgje ei melding frå fylkeskommunen.

Samferdselsutvalet skal i sitt møte onsdag 25. oktober behandle forslaget til svar på høyringa. Det er politikarane som gjer vedtak i saka.

Publisert: 19.10.2023 19:42

Sist oppdatert: 19.10.2023 19:42

Mer om