Kort fortalt

Uroleg for berggylta

Vil innføre auka minstemål.

30.10.2018
NPK: Havforskingsinstituttet anbefaler både minstemål og maksimalmål for fleire av leppefiskane for neste års leppefiskeri.
Berggylta har høgast økonomisk verdi blant leppefiskane, og det gjer den utsett for målretta fiskeri. Havforskingsinstituttet foreslår no fleire tiltak, særleg for å verne om bestanden av berggylte.
– Vi føreslår å auke minstemålet for berggylta til 22 centimeter, slik at hoene når kjønnsmoden alder. Samtidig rår vi til å innføre eit maksimalmål på 28 centimeter for å verne om hannane, seier Anne Berit Skiftesvik, bestandsansvarleg ved Havforskingsinstituttet.
Berggylta er fødd som hoe og blir kjønnsmoden på rundt 22 centimeters lengd. På 34 centimeter skiftar ho kjønn til hann.
– Når minstemålet i dag er 14 centimeter, vil mykje fisk bli hausta før den er kjønnsmoden, og i andre omgang før den rekk å skifte kjønn. Berggylta blir svært gammal og veks seint, forklarer havforskar Kim Halvorsen.
I leppefiskverda er hannane viktige, ikkje berre fordi dei bidrar med sperma, men hos fleire artar er det også hannane som byggjer reir og vaktar egga.

Publisert: 30.10.2018 10:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37