Kort fortalt

Uroleg for auka kveitefiske

Bestandsråd for kveite kan vere klart til 2024.

NPK
27.09.2022

Havforskarar ser tydelege faresignal i oppbygginga av kveitefisket, og ber om reguleringstiltak i påvente av ei grundig bestandsvurdering

Eit stadig aukande kveitefiske bekymrar havforskarane, og Fiskeridirektoratets ønske om snarleg regulering av fisket får full støtte frå Havforskingsinstituttet , skriv Fiskeribladet.

Genetikkundersøkingane til forskarane tyder på at kveita i norske farvatn tilhøyrer éin stor bestand. I perioden fram til 1965 vart det fiska mellom 3.000 og 6.000 tonn i året. Så antek forskarane at bestanden vart sterkt redusert på grunn av eit for høgt fiske, og fangstane fall kraftig. Målbart betre vart det ikkje før i perioden 1995 til 2000, og etter det har det vore eit jamt oppsving.

– I kveitefisket i nord er det komme inn fleire båtar, større båtar, og ikkje minst: meir bruk. Når årleg landa kvantum no passerer 3.000 tonn, trur vi ikkje fisket lenger er berekraftig på sikt, seier Erik Berg, forskar og bestandsansvarleg for kveite, til avisa.

Den overordna konklusjonen til forskarane er at uttaket blir avgrensa snarast, i påvente av ei vitskapleg grunngitt vurdering av bestanden. Fiskeridirektoratet har foreslått ei rekkje slike tiltak, og dei får dermed HIs støtte. I høyringssvaret blir det påpeika at ein førebels veit for lite om kor store inngrep dei enkelte forslaga vil vere, og kva gevinst dei vil gi for bestanden.

Mange av organisasjonane og etatane som har levert svar på Fiskeridirektoratets nyleg avslutta kveitehøyring, har bedne om meir forsking før endelege avgjerder blir tekne. Forskinga kjem, og Berg seier Havforskingsinstituttet skal kunne levere eit kvoteråd til 2024-sesongen.

Publisert: 27.09.2022 10:11

Sist oppdatert: 27.09.2022 10:12

Mer om