Kort fortalt

Uroleg for potetsentralisering

Coop satsar ved Gardermoen.

NPK
21.04.2021

Planane til Coop om å etablera eit stort pakkeri for poteter ved Gardermoen, vekkjer uro hos Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

– Vi er svært bekymra for effekten av industrialiseringa til Coop på potet. Vi fryktar det gjev ei kraftfull sentralisering, seier Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag til Nationen.

Ifylgje NRK , som omtalte saka først, fryktar bondelagsleiaren planane vil bety slutten på potetproduksjon i fleire distrikt.

Også Småbrukarlaget reagerer.

– Vi jobbar heile tida for å styrkja matproduksjonen og beredskap. Det hjelper så lite når matvarekjedene kan køyra sitt eige løp i motsett retning, seier Per-Anton Nestan, leiar i Nordland Bonde- og småbrukarlag.

Kommunikasjonssjef i Coop, Harald Kristiansen, avviser på si side at det er grunn til uro og seier dei ønskjer å halda fram med å ta imot poteter frå heile landet.

Publisert: 21.04.2021 18:54

Sist oppdatert: 21.04.2021 18:56

Mer om