Kort fortalt

Uroleg for renteauke

Fryktar dramatiske konsekvensar.

07.06.2018
NPK-NTB: Norske bustadeigarar har så høg gjeld at konsekvensane for økonomien som heilskap kan bli dramatiske når rentene begynner å stige, fryktar Finanstilsynet.
Tilsynet er spesielt bekymra for dei mange hushalda som har svært høg gjeld dersom vi blir ramma av eit rentesjokk. Dei må avgrense forbruket sitt betydeleg og vil i verste fall ikkje vere i stand til å betene gjelda si dersom vi blir ramma av rentesjokk, åtvara finanstilsynsdirektør Morten Baltzersen under ein pressekonferanse onsdag.
– Framleis sterk prisvekst vil bidra til auka gjeldsvekst i hushalda og auke fallhøgda i norsk økonomi og risikoen for finansiell ustabilitet, sa Baltzersen.
Han presenterte rapporten Finansielt utsyn 2018, der det går fram at det er god vekst i norsk og internasjonal økonomi. Optimismen som følgjer med vekst, kan bidra til at bustadprisane fortset å auke og at gjeldsgraden veks med dei.

Publisert: 07.06.2018 08:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38