Ballastvatnreinsesystemet til Herøy-selskapet Norwegian Greentech er sersertifisert av US Coast Guard (USCG), opplyser selskapet i ei pressemelding.
Selskapet opplyser at USCG-sertifiseringa betyr at Norwegian Greentech kan ta steget inn i den amerikanske marknaden og ut til alle skip som kjem til amerikanske hamner.
– Ein ting er at vi får ein større marknad, men like viktig er at kundane våre ikkje lenger har avgrensingar. Dei kan operere over alt med Norwegian Greentech sine system om bord, seier Børge Gjelseth, sals- og marknadsirektør i Norwegian Greentech, i pressemeldinga.
Amerikanske styresmakter krev USCG-sertifisering både for amerikanske skip og internasjonale fartøy som kjem til hamner i USA.
Publisert: 25.02.2022 08:05
Sist oppdatert: 25.02.2022 08:51