NPK-NTB: Stortingsrepresentantar i Høgre og Frp bryt med pelsdyrforliket til regjeringa, og det er usikkert om regjeringspartia får fleirtal for sitt eige forlik.
Sidan avtalen vart presentert førre veke har ansvarleg statsråd, Olaug Bollestad (KrF), vorte skulda for å la vere å svare Stortinget om spørsmål i saka, skriv .
Fleire representantar i både Høgre og Frp stadfestar no til avisa at dei vil stemme mot avtalen.
Roy Steffensen i Frp meiner livsverket blir teke frå pelsdyrbønder utan at dei blir riktig kompensert. Han går mot at kompensasjon skal bereknast basert på bokførte, og ikkje reelle verdiar.
– Eg meiner at kompensasjonen som ligg på bordet no, framleis er for dårleg og dermed eit brot på føresetnadene for Venstre sitt gjennomslag om nedlegging. Då føler eg meg ikkje forplikta til å stemme for den framforhandla semja om kompensasjon, seier Steffensen til avisa.
Innstillinga for pelsdyrnæringa vart ferdigbehandla av næringskomiteen torsdag denne veka. Den 13. juni blir ho etter alle solemerke banka gjennom i Stortinget.
Det er mellom 170 og 180 pelsdyroppdrettarar i Noreg i dag. Regjeringspartia inngjekk i slutten av mai ei forbetra kompensasjonsordning for pelsdyrbøndene der den økonomiske ramma for kompensasjon vart auka til 505 millionar kroner. Likevel skriv avisa at den reelle verdien er på 2,3 milliardar kroner, ifølgje analyseselskapet Oslo Economics.

Publisert: 07.06.2019 20:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34