NPK-NTB: Fire av ti er usikre på kva for eit norsk parti som er best på økonomisk tryggleik ved arbeidsløyse, viser ei ny undersøking.
– Delen som ikkje har ei oppfatning er oppsiktsvekkjande høg og burde interessere fleire parti, men særleg Arbeidarpartiet, seier valforskar Anders Todal Jenssen ved NTNU i Trondheim til Dagsavisen.
28,5 prosent av dei spurde meiner Arbeidarpartiet har best politikk for å sikre økonomisk tryggleik ved arbeidsløyse. Åtte prosent svarte Høgre, mens 11,2 prosent valde SV. Det kjem fram i YS' arbeidslivsbarometer som blir lagt fram under Arendalsveka tysdag.
Heile 38 prosent svarte at dei ikkje veit.
– Eg merkar meg at det er mange som er usikre på kva for eit parti dei meiner er best i desse viktige spørsmåla. Det får vi ta med oss. Vi skal mobilisere dei som ikkje har bestemt seg ved å vise fram at vi har den beste politikken for vanlege arbeidsfolk, seier nestleiaren i Arbeidarpartiet, Hadia Tajik, til avisa.
I 2017 fekk Arbeidarpartiet veljartillit på eldreomsorg, mens fleire oppgav at dei hadde høgare tillit til både Venstre og Høgre når det gjeld økonomi, industri og sysselsetting.

Publisert: 13.08.2018 09:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38