Kort fortalt

Utanlandskablar reduserte nettleiga

Sparte 2,8 milliardar kroner.

15.05.2019
NPK: Straumkablane mellom Noreg og utlandet gav 2,8 milliardar mindre i nettleige, skriv olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) etter eit spørsmål frå Stortinget.
«De eksisterende utenlandsforbindelsenes netto bidrag til redusert nettleie var om lag 2,8 mrd. kroner i perioden 2006 til og med juni 2018», skriv statsråd Kjell-Børge Freiberg (Frp) i Olje- og energidepartementet i eit svar til leiar Bjørnar Moxnes i Raudt.
Det var som først omtalte saka.
Dei siste åra er det bygd fleire straumkablar mellom Noreg og utlandet. Gjennom desse blir straum importert og eksportert. Fram mot 2021 blir to nye straumkablar sett i drift. Desse kablane skal gi oss lågare nettleige, trass milliardkostnadar som skal dekkjast av brukarane, skriv avisa.
«Utenlandsforbindelsene genererer samtidig flaskehalsinntekter som i sin helhet inngår som reduksjon i tariffgrunnlaget for transmisjonsnettet», skriv Freiberg.
Delar av norsk industri er kritiske til utanlandskablane fordi dei kan gi høgare straumprisar.

Publisert: 15.05.2019 15:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34