Utbetrar tre tunnelar i Stryn
Utbetrar elleve tunnelar i Sogn og Fjordane.
Frå no og til utgangen av november skal det gjerast vedlikehaldsarbeid i elleve tunnelar i Sogn og Fjordane. Det vil føre til ein del stengingar, opplyser Statens vegvesen.
Det er Mesta som har fått vedlikehaldsoppdraget etter å ha levert eit tilbod på 25 millionar kroner.
– Vi har forståing for at vegarbeid som dette kan vera krevjande for bilistane. Samtidig er det då viktig å minne om at vi gjer det for dei; for å vareta trafikktryggleiken også i framtida, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen i ei pressemelding.
Det vil bli styring av trafikken medan jobbinga går føre seg. For å få oversikt over vegarbeid før ein skal ut og køyre, vert bilistar oppmoda til å sjekka trafikkmeldingane på 175.no.
Tunnelane som skal haldast ved like er:
*Riksveg 5 Fodnestunnelen (Lærdal).
*Riksveg 5 Amlatunnelen (Sogndal).
*Riksveg 5 Frudalstunnelen (Sogndal).
*Riksveg 5 Bergstunnelen (Sogndal).
*Riksveg 5 Fjærlandstunnelen (Sogndal og Sunnfjord).
*Riksveg 13 Fatlatunnelen (Sogndal).
*Riksveg 15 Oppljostunnelen (Stryn).
*Riksveg15 Grasdalstunnelen (Stryn).
*Riksveg 15 Hjelletunnelen (Stryn).
*E39 Bogstunnelen (Høyanger).
*E39 Klebergtunnelen (Gloppen).
Publisert: 22.09.2021 05:08
Sist oppdatert: 22.09.2021 05:10